Kommentar til “Innledende diskusjonspunkter for småfeproduksjon”

Som mange nok er kjent med, har Norsk Sau og Geit kome med eit diskusjonsgrunnlag inn mot dei komande jordbruksforhandlingane. Dette kan du lese ved å klikke her.

Norsk Villsaulag sitt svar kan du lese under.



1. “Bruk av Sauekontrollen”

For NVL som organiserer mange sauebønder med ekstensivt landbruk er god dyrevelferd svært viktig. Få, om nokon, har like gode føresetnader for observasjon av naturleg atferd hjå produksjonsdyr i det daglege som våre medlemmer. NVL vil derfor alltid støtte tiltak for å styrke dyrevelferden i norsk landbruk. 

NVL meiner at  ein føresetnad for positiv utvikling i høve dyrevelferd i norsk landbruk er at ein tematiserer dette berre der det er relevant.  Å drage dyrevelferdsargument inn i andre diskusjonar vil derimot lett skape irritasjon og slik svekkje saka. 

Slik stoda er i dag kjenner me mange sauebønder som operere med svært god dyrevelferd som ikkje er med i sauekontrollen, og det er truleg andre som gjer ein dårlegare jobb som er med. Å innføre bruk av sauekontrollen som ein føresetnad for tilskot framstår difor som eit lite treffsikkert og urimeleg byråkratisk administrativt tiltak.

Med tanke på den økonomisk stoda for mange mindre sauebønder blir dette enno ein kostnad som kan presse folk ut av næringa. 

Før sauekontrollen har ein langt betre funksjonalitet og relevans i høve dyrevelferdssituasjonen i norsk sauenæring bør ein droppe dette kravet. 


4. “Produktivitet i saueproduksjonen”

Her er det mykje som må kommenterast. 

Korleis måler ein produktivitet? Kva parameter er det som skal leggjast til grunn her?

Ein treng ikkje leite lenge for å finne at produksjonsformer som gir relativt lite kjøt per tilskotskrone, og slik sett framstår som “lite produktivt”, er det suverent mest produktive om ein måler mengd protein ut, i høve protein inn, i form av innkjøpt for i drifta. 

Det er vidare også djupt usakeleg å hevde at “problemet” heng saman med driftsform. Realiteten er sjølvsagt at ein kan produsere godt og dårleg i alle driftsformer. Det å ville diskriminere alle bønder med ei gitt driftsform ser me at det er ein tiltakande tendens til. Dette bør ta slutt omgåande. 

Det er også eit viktig poeng her at landbruket ikkje berre skal syte for matproduksjon, men i tillegg har andre funksjonar i høve både samfunnet og naturen. Dei som driv i ekstensive driftsformer med utegang på heilårsbasis har teke på seg viktige oppgåver i høve stell av seminaturlege økologiske system i kulturlandskapet. Noreg har i løpet av dei siste åra fått eit særskilt internasjonalt ansvar for ivaretakinga av kystlyngheia, som pga dette har fått status som utvald naturtype etter naturmangfaldslova, samt signert avtalar om omfattande vern av natur og reparasjon av delvis øydelagde kulturlandskap i stor målestokk. Sett i lys av dette kan me i NVL ikkje sjå behovet for færre sauer i utmarka. 

Til slutt vil me i NVL kommentere at om nokon trur at den gamalnorske sauen ikkje kan brukast til anna enn fårikål, og knapt nok det, så er det på tide med ei realitetsorientering. Det ikkje utan grunn at nettopp mange villsaubønder har nisjeavtalar og sel store mengder kjøt direkte til kundar og serveringsstadar. Dette kjem sjølvsagt av at det er tale om eit merkjevarebeskytta kvalitetsprodukt som toler samanlikning med alt anna kjøt. 

5. “Sentralisering og bremsing av denne utviklingen”

Om ein vil ivareta småskala småfehald i distrikta bør ein gå inn for å forbetre kvaliteten på alle delar av produksjonen i ein kunnskapsbasert dialog med respekt for alle aktørar og dei utfordringane dei har. 

Ein del av forslaga nemnt ovanfor kan tene som døme på det motsette. Det same kan seiast om kravet frå Nortura om 13 kg for kvalitetstilskotet. Eit svært lite gjennomtenkt forslag som det er grunn til å frykte gir den motsette effekt. Dvs at nokre kynisk utnytter mottaksplikta og erstattar inntektsbortfallet frå kvalitetstilskotet gjennom å auke dyretalet for slik å ta ut meir tilskot der. Resultatet blir då enno fleire små slakt. Gjennom slike krav endar ein lett opp med å straffe  dei som arbeider seriøst med avl, og premierer dei som ikkje gjer det same.  

Når det gjeld nokre andre private slakteri så ser ein at dei kolletiv straffar alle innanfor visse driftsformer og rasar, gjennom å fjerne alt av tilskot for desse uavhengig av reell kvalitet osb. Å gå til kollektive åtak utan å skilje mellom gode og mindre gode produsentar innanfor ei næring er ikkje i samsvar med den generelle allmenne rettsoppfatning og er noko ein stort sett slutta med i det norske samfunnet for mange år sidan. Det er på tide å gjere det same her. Har slakteria problem med ein produsent uansett type så start ein dialog med rådgiving for å betre situasjonen direkte med denne, eller om naudsynt sett mattilsynet på saka. 

Tonen både i det private og det offentlege ordskifte har vorte hardare siste åra, og det merkast også etterkvart her. Skal ein ivareta produksjonen i småfehaldet kan ein ta til med å droppe insinuasjonar om at visse driftsformer og rasar = dårleg dyrehald og låg kvalitet. At økonomien i landbruket er dårleg er også vilsaubønder klar over, men at løysinga er å kome med ubegrunna påstandar og å snakke ned andre er me i NVL svært skeptiske til. Me trur det er langt betre og meir konstruktivt å danne ein felles front for sterkare satsing på norsk landbruk og framsnakke det ein held på med. 


For NVL Tjalve Sørheim

Kommentarer