Årsmøtet i Norsk Villsaulag 2022 blir avholdt helga 2.-4.juni 2023 på Scandic Hotel Flesland Airport.
Det vert ei utflukt til Øygarden og Tormod Magnesen laurdag 3.juni med påfølgande årsmøte kl.17.00 tilbake på Scandic Hotel Flesland Airport. Det vert og tilbod om å vera med på middag etter årsmøtet.
Foto: Jostein Magnessen |
For dei som har anledning blir det mest sannsynleg ei utflukt søndag føremiddag og.
Meir detaljert program kjem seinare.
Du må sjølv skaffa deg hotelrom. Har fått beskjed frå hotellet at det allereie er noko fullt den helga, så det vil vera lurt å bestilla rom så snart som mogeleg og melda deg på så tidleg som mogeleg.
Påmelding til årsmøtet blir sendt til skrivar, Hilde Haraldseid, Villsauen08@gmail.com
Påmeldingsfrist 16.april 2023.
Ha med fullt namn, adresse, telefonnummer, e-post og kvar du kjem frå.
Presiser kva du vil vera med på:
- Utflukt laurdag
- Årsmøte laurdag
- Middag laurdag
- Utflukt søndag
Skriv og gjerne kor tid du kjem (fredag eller laurdag). Kjekt å samlast fredagen for ein prat om laust
og fast.
Mvh Hilde Haraldseid, skrivar NVL
Foto: Jostein Magnessen |
Thank you for creating this wonderful blog. It's genuinely worth reading and immensely valuable, see this!
SvarSlett