Norsk Villsaulag har fastsett nye rettleiande prisar for gamalnorsk sau
Villsauvêren Nøtti - Foto: Daniel Fjørtoft |
Søyelam og ungsau (opp til 1,5 år) 1600,- (årslam bør vere min 25 kg)
Voksa søye 500-2000 kr (søyene er mest verdt når dei er mellom 2,5-5,5 år)
Vêrlam 2600,- (årslam bør vere min 30 kg)
Risbit og 2,5 år gammal vêr 3000,-
Alderstrekk vêrar pr år frå og med fylte 3,5 år -500,-
Tillegg for seminavkom 500,-
Tillegg for kåra/dommarvurderte hanndyr 150,-
NB: Alle prisar er eks MVA.
Vi understreker at dette er rettleiande prisar. Mindre lam bør kanskje koste noko mindre, og ekstra store og flotte noko meir. Det fins mange som ser etter rimlege dyr før dei kikar etter kvalitet. Vår anbefaling er å ha i bakhovudet at hanndyr utgjer halve resultatet til neste år, og at søyene du kjøper når du startar opp legg grunnlaget for flokken i mange år framover. Pengane du eventuelt måtte spare på å kjøpe dei rimelegaste du finn, vert fort kostbart.
Ver merksam på at risbiter til salgs kan vere overvintra blålam (ikkje slaktemodne) fra i fjor. Slike bør ein ikkje selgje eller kjøpe. Sikraste risbitkjøp er ein som vart kåra som lam, eller frå ein du kjenner som ikkje lurer deg på eit dårlig lam frå i fjor.
Prisane må også variere noko alt etter når på året salet foregår. Dersom seljar har para og fôra søya fram mot nyttår, er den sjølvsagt meir verdt enn ei som vert selt tidleg på hausten.
Norsk Villsaulag vil samstundes oppmode alle om å nytte rasestandarden for gamalnorsk sau som rettleiing når dei skal kjøpe og selje livdyr. Klikk her for å opne den!
Casino Hotel, NV - Mapyro
SvarSlettCasino Hotel, NV · Hotel Details · Rooms. There 공주 출장안마 are 2,044 rooms and suites in the 당진 출장마사지 casino, approximately 1,400 square feet of 제천 출장샵 casino space · Casino 삼척 출장마사지 and Nightlife 포천 출장마사지
Thanks for sharing these guidelines. So great! https://goo.gl/maps/fH8cfsCvag3gfBrF6
SvarSlett