Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til fagmøte om gamalnorsk sau.
Vi møtest på Lanternen Marina, måndag 18. februar kl. 19.00.Agenda:
- Reidar Christiansen: Sauer treng mat
- Foring og stell av gamalnorsk sau ved ulike driftsformer
- Daniel Fjørtoft: Ekstensiv villsaudrift ytst i havgapet
- Korleis lykkast med ekstensiv villsaudrift
Ein smak av sommar - Foto: Daniel Fjørtoft |
Daniel Fjørtoft er kjent frå villsaubloggen villsausida.no, og som tidlegare styremedlem i Norsk Villsaulag. Han har dreve med ekstensiv utedrift i 25 år, og vil dele av både historier frå både opp og nedturar frå denne tida.
Vi set også av tid til drøs og ei lita matykt.
Vel møtt!
Egil Kvalsund,
leiar
Sunnmøre Villsaulag
Kommentarer
Legg inn en kommentar