Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til kurs i kontrollert brenning av lynghei, på Nerlandsøya laurdag 11. februar.
Lyngbrenning på Uksnøya - Foto: Daniel Fjørtoft - villsausida.no |
Vi får besøk av biolog Mons Kvamme, som har lang fartstid og er ein ressursperson i høve brenning av lynghei langs heile kysten.
Liv Guri Velle, Siri V. Haugum og Christine Potch frå LandPress vert også med. Dei arbeidar med eit prosjekt retta mot kystlynghei og har ein feltlokalitet i området Trosvika-Ystevika.
Program:
Vi møtast i kjellaren på Nerlandsøy bedehus.10.00 Teoridel. Mons Kvamme: gjennomgang av planlegging og gjennomføring for sikker brenning.
12.00 Matykt
12.30 Vi køyrer til parkeringsplassen i Mulevika og prøvar oss på aktiv brenning.
Kurset er gratis og ope for alle som vil vera med i kampen mot attgroing, og gjera ein innsats for bevaring av kystlyngheia vår.
På grunn av mat vil vi gjerne ha ei melding til post@kvalsundgartneri.no eller ring 95844930 om du ynskjer å vera med.
Hugs egna kleder til brenning! (typisk ull og bomull)
På vegne av
Mulevika beitelag
Sunnmøre Villsaulag
Egil Kvalsund
Kommentarer
Legg inn en kommentar