Eiga gruppe for medlemmar på Facebook

Viktig melding til alle medlemmar i Norsk Villsaulag!
Norsk Villsaulag er som du kanskje kjenner til inne i ein prosess med å utvikle merkevara Villsau frå Norskekysten. Merkegodkjenninga er på plass, og vi er no inne i ein fase av prosjektet der vi treng medlemmane sitt syn på korleis ei slik ordning kan hjelpe deg i din kvardag som villsaubonde, og korleis dette kan styrke næringa som heilheit. Målet er å samle dette til ein rapport som skal leggast fram for årsmøtet, og vere grunnlaget for vidare arbeid.

Det vi ber deg om å gjere, er å søke opp gruppa «Norsk Villsaulag» på Facebook og be om medlemsskap i gruppa. Alternativt kan du klikke på koplinga https://www.facebook.com/groups/833560366711858/  Administratorane vil kryssjekke namnet ditt mot medlemslistene, og gje tilgang til gruppa på bakgrunn av dette. Det er også fint om du kan oppmode andre villsaubønder til å gjere det same. So snart vi har sanka saman ein del av medlemmane, vil det verte informasjon, spørsmål og debatt i Facebookgruppa. Etter debatten er fullført, vil gruppa verte nytta til å spreie anna relevant informasjon og diskusjonar knytt til laget og arbeidet vårt.
Om du framleis ikkje har meldt deg inn i Norsk Villsaulag, kvifor ikkje gjere dette allereie i dag?
Norsk Villsaulag arbeider aktivt for å utvikle villsaunæringa og er raselag for Gammalnorsk sau.
Ta kontakt med ditt lokallag, eller søk direktemedlemskap til styret.

Kommentarer